SFE ryddar naturen – treng tips om skrot

I områda der SFE driv vasskraftproduksjon og distribusjon av straum, ligg det diverre att ein del gamalt skrot ute i naturen. Mange av kraftverka våre vart bygd på 70-talet, ei tid da ytre miljø fekk lite fokus. No er det andre tider og miljø er på dagsorden. Ragna Flatla Haugland og Vegard Fagerli jobbar kontinuerleg med miljøomsyn knytt til produksjonsverksemda i SFE og dei ber folk om hjelp til å kartlegge skrot i naturen.

- Vi treng hjelp frå folk som ferdast i terrenget til å kartlegge kvar skrotet ligg og kva type skrot det er. Slik kan vi på ein enklare måte planlegge opprydding etter «gamle synder», seier Ragna Flatla Haugland som er fagleiar miljø i SFE.

Ein veit sjølvsagt om mykje av skrotet, men SFE har hatt omfattande aktivitet fleire plassar opp gjennom tida og har ikkje oversikt over absolutt alt av spor. Difor ønskjer vi hjelp frå folk som ferdast i områda med å kartleggje skrot.

Når du oppdagar skrot som du trur kan stamme frå SFE sin aktivitet, vert vi glade om du tek deg tida til følgjande:

  • Ta eit bilete av skrotet.
  • Noter deg plassering: helst ein GPS-posisjon. Alternativet er ei skildring i tekstform, der du syner til plassering på eit kart over området.
  •  Legg ev. GPS-posisjon inn i filnamnet til biletet før du sender e-posten. Nokre kamera har innebygd GPS, og då vert det enkelt.

Rapporter funna til skrot@sfe.no
 
Hugs: all info er god info, så om du ikkje har med kamera, er vi takksame for skriftlege opplysingar også.

Sparetips

Alternativ lysbruk