Sal av alarmteneste

Sogn og Fjordane Energi har saman med Sunnfjord Energi og Sognekraft valt å selje bustadalarmporteføljane sine til Sector Alarm. – Vi ønskjer å satse på Sogn og Fjordane, seier adm.dir. Viggo Skeisvoll i Sector Alarm.

Sector Alarm er spesialistar på bustadalarm, og etablerte seg på marknaden i 1995. Med sine 144 000 kundar er dei i dag ein av dei leiande leverandørane av bustadalarm i Noreg. No har dei etablert seg i Sogn og Fjordane, gjennom kjøp av alarmporteføljane til energiselskapa Sunnfjord Energi, Sognekraft og Sogn og Fjordane Energi (SFE).

– Vi har lenge hatt eit ønskje om å styrke oss i Sogn og Fjordane, og etter denne avtalen vil vi også etablere oss med eige kontor i fylket, seier administrerande direktør Viggo Skeisvoll i Sector Alarm.

Avtala omfattar inntil 1085 kundar. For dei fleste kundane vil ikkje overtakinga ha nokon praktisk betydning. Alle kundane vil bli kontakta av kraftselskapa og informerte om overtakinga og den praktiske overføringa til Sector Alarm.  

– Gjennom etableringa av eit lokalkontor, med lokale montørar, og vår kompetanse som spesialist på bustadalarmar, vil vi kunne tilby framleis god handtering og oppfølging av kundane, seier Skeisvoll.

Reindyrkar kjerneverksemda

I fjor selde også kraftselskapa BKK i Bergen og Tafjord i Ålesund sine alarmporteføljer til Sector Alarm. Når selskapa i Sogn og Fjordane no følgjer etter, er det med utgangspunkt i eit ønskje om å reindyrke verksemdene sine ytterlegare.

– Vi tek no det same steget som fleire andre kraftselskap har teke dei seinare åra, gjennom å fokusere på våre kjerneverksemder innan kraftproduksjon, straumsal og nettinfrastruktur, og overlet alarmtenester til selskap som er spesialistar på dette området, seier kraftdirektør Bjarne Dybvik i SFE, nettsjef Helge Robert Midtbø i Sunnfjord Energi og marknadssjef Trude Undebakke i Sognekraft i ei felles utsegn.

I Norsk Kundebarometer for 2011 hadde Sector Alarm dei mest nøgde kundane i bransjen, og det same året vann dei Kundeserviceprisen, som er den største blindtesten av kundesentra i Noreg.

– At Sector Alarm har eit godt omdøme med omsyn til kundehandsaming er hyggeleg å registrere. Det gjev oss ein tryggheit for at kundane våre blir teke godt vare på framover. Vi synest det er spennande at Sector Alarm ønskjer å etablere seg i fylket, og skal gjere vårt beste for å sikre at overgangen for våre kundar blir så smertefri som mogleg, seier kraftselskapa.

Trur på vekst

Stadig fleire nordmenn skaffar seg bustadalarm. Berre det siste året har marknaden vakse med over fem prosent, og i dag er det alarm i heile 370 000 bustadar i Noreg. Sjølv om talet på alarmar er rekordhøgt, trur NHO-Service at veksten vil halde fram. Analysar frå NHO-Service for 2011 syner at bustadar utan bustadalarm har vel 30 gangar større sjanse for innbrot.

– Vi ventar vekst i marknaden for bustadalarmar generelt, og for denne regionen spesielt, og har derfor store forventningar til etableringa, administrerande direktør Viggo Skeisvoll i Sector Alarm.

 

For ytterlegare informasjon:

SFE:

Bjarne Dybvik, kraftdirektør

Mobil: 905 22 436

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Luft rett