Norsk banebrytande teknologisamarbeid

Utviklar neste generasjons IT-system for morgondagens energiselskap

Halden-baserte eSmart Systems har gått saman med Sogn og Fjordane Energi (SFE), Fredrikstad Energi (FEAS) og Big Data Energy Systems fra Texas om å utvikle neste generasjons IT-system for energiselskap som skal operere i smarte kraftnett. Utviklingsprosjektet har ein kontraktsverdi på til saman 50 millionar kroner og støttes også av Innovasjon Norge gjennom ein Industriell Forsknings- og utviklingskontrakt.

Utviklinga innan smarte nett skyt fart både i Noreg og internasjonalt. Dei næraste åra skal rundt 2,5 millionar straummålarar i Noreg byttast ut med smarte målarar der forbruket blir meldt inn automatisk.
I USA er det ei rivande utvikling innan smarte nett – berre i California har eit av dei største energiselskapa, PG&E, installert 9,5 millionar smarte målarar. I Europa skal 80 % av el-målarane i alle EU-land vere bytta ut med smarte målarar innan 2020.

Betydeleg større datamengder

Smarte målarar gjev kundane moglegheit til å delta i kraftmarknadane på heilt nye måtar, slik at forbruket i betydeleg større grad kan styrast etter prisane. Dei nye målarane vil også bidra til utvikling av heilt nye produkt og tenester. For første gang vil mindre sluttkundar kunne delta direkte i kraftmarknadar som til no har vore forbeholdt aktørar i engrosmarknaden.

Overgang til smarte målarar vil kunne gje betre kundeservice, reduserte energikostnadar og klimautslepp, og meir effektiv nettdrift. For å kunne oppnå desse fordelane er det nødvendig med heilt nye IT-system som er i stand til å bearbeide betydeleg større datamengder og mellom anna gjennomføre tilhøyrande analysar heilt ned til sanntid. Desse nye behova medfører at nye system basert på ny teknologi vil måtte utviklast.

Byggjer på forsking

SFE, FEAS og eSmart har delteke i fleire forskingsprosjekt i regi av NCE (Norwegian Center of Expertise) – Smart Energy Markets i Halden, Norwegian Smartgrid Center og SINTEF i Trondheim. FoU-resultat frå desse prosjekta har vore med på å legge grunnlaget for dette nye samarbeidet mellom partane der dei nye behova vil dekkast gjennom utvikling av nye system basert på ny teknologi. Målsetninga er å vidareforedle forskingsresultata til kommersielle produkt for smart nett-marknaden både i Noreg og internasjonalt.

Det prosjektet innan smart nett som er lengst framme i dag – Smart Energi Hvaler – der alle målarar er erstatta med smarte målarar, vil bli nytta som pilot for dei nye IT-systema som blir utvikla innan nettdrift og kundetenester. På samme måte vil SFE bli pilotkunde innan verksemdene knytta til kraftsalg og produksjon.

Innovasjon Norge støttar utviklingsarbeidet gjennom ein IFU-kontrakt (Industriell Forsknings- og Utviklingskontrakt).

Samarbeid gjev store moglegheiter

– Endringane som kjem i energibransjen gjennom innføringa av smarte nett rokkar ved strukturen i bransjen over hele verda. Dei etablerte forretningsmodellane er i rørsle, og vi vil sjå store endringar det neste tiåret. FEAS Nett er opptatt av å være med på å forme utviklinga, og med innføring av smarte målerar er det avgjerande å kunne nytte dei enorme datamengdene til ytterligare effektivisering og kostnadsreduksjonar, seier Eilert Henriksen, leder av FEAS Nett.  – Vi ser derfor med stor forventning fram til samarbeidet med eSmart Systems om utvikling av framtidas IT-løysingar.

– Nye IT-løysingar kan gje ein svært god plattform for å møte de utfordringane og moglegheitene kraftnæringas framtid byr på. På den eine sida skal vi mellom anna handtere stadig meir uregulerbar kraft i systemet, og på den andre sida ønskjer vi å gje kundane nye og betre opplevingar i møtet med oss som kraftleverandør. Vi har tru på at samarbeidet med eSmart Systems vil medføre at våre framtidige og nye behov for IT-løysingar blir dekka på en framtidsretta og fleksibel måte, seier Terje Gjengedal, konsernsjef for SFE.

– ERCOT marknaden i Texas er ein open og spennande marknad som liknar mykje på den Nordiske marknadsmodellen. Samarbeidet med eSmart Systems rundt integrasjonen av Demand Response løysingar for aktørar i ERCOT og andre amerikanske marknader vil bli svært spennande, seier Cade Burks, leiar for Big Data Energy Services.

– Innovasjon Norge har i mange år bidratt til utviklinga av IT-miljøet i Halden og Østfold gjennom programmene Arena og NCE, og er svært godt nøgde med at det no utkrystalliserer seg innovative marknadsretta utviklingsprosjekt frå dette miljøet. Ved å utvikle teknologi for morgondagens kraftmarknad tar partane stor risiko og satsar ambisiøst i ein internasjonal og krevjande marknad. Vi har stor tru på prosjektet og forventar at det skal leggje grunnlaget for betydeleg kompetansebasert verdiskaping i Noreg, sier Vidar Dramstad, spesialrådgjevar ved Innovasjon Norge.

– eSmart Systems har i samarbeid med SFE og FEAS utvikla eit unikt IT-konsept for smarte nett. Vi har fleire gongar tidligare gjennomført utvikling av IT-system for energibransjen frå konsept til ferdig kommersielt produkt for marknaden i Noreg og internasjonalt. Vi er svært glade for å kunne samarbeide med SFE og FEAS i denne samanhengen. IFU-kontrakta stadfestar nok ein gong Halden-miljøets konkurransekraft i Noreg og internasjonalt, sier Knut H. H. Johansen, administrerende direktør, eSmart Systems AS.

Om Fredrikstad Energi AS

Fredrikstad Energi AS er eit energikonsern med fokus på distribusjon av el gjennom FEAS Nett, kraftsalg og entreprenørverksemd. Hovudkontoret ligg i Fredrikstad, og selskapet er eigd av Fredrikstad kommune og Fortum.

Om Sogn og Fjordane Energi AS

Sogn og Fjordane Energi produserar, distribuerar og omset kraft, og leverer i tillegg tenester innan energi- og miljørådgjeving. Konsernet har 260 tilsette, og omsette i 2012 for 1,16 mrd kroner. Hovudkontoret ligg på Sandane i Gloppen kommune.

Om Innovasjon Norge

Innovasjon Norges føremål er å være statens og fylkeskommunenes virkemiddel for å utløyse bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønsam næringsutvikling i heile landet.

Om Big Data Energy Services

Big Data Energy Services, eit Texas basert teneste og integrasjonsselskap som har spesialisert seg på energitenester som Demand Response, Load Forecasting og Big Data Analytics.

Om eSmart systems AS

eSmart Systems leverer ein heilt ny generasjon IT-system til aktørane i energimarknaden, der effektiv bruk av energimarknaden i en smart grid-samanheng står sentralt. eSmart systems byggjer på meir enn 20 års erfaring i utvikling og leveransar av IT-system til energiselskap i Noreg og utlandet, der handtering av store mengder data og verksemdkritiske transaksjonar har vore sentralt.

Kontaktpersonar:

Fredrikstad Energi AS: Trond Andersen, adm. dir., mob: +47 414 49 439

Sogn og Fjordane Energi AS: Terje Gjengedal, konsernsjef, mob: +47 911 78 799

Innovasjon Norge: Vidar Dramstad, Spesialrådgjevar, mob: +47 952 11 145

Big Data Energy SErvices Inc: Cade Burks, President, mob + 1 832 661 9127

eSmart Systems AS: Knut H. H. Johansen, adm. dir., mob: +47 909 81 318. Knut E. Gustavsen, viseadm. dir., mob: +47 918 66 530

Sparetips

Luft rett