Solidarisk opprydding i høgfjellet

Elevar frå Nordfjord Folkehøgskule har hjelpt SFE med å rydde rundt kraftanlegga i Ålfoten.

-Slike store utbyggingar etterlet seg alltid ein del skrot, men vi er opptatt av at det skal sjå ryddig ut i dei berørte områda i  etterkant. Elevane gjorde ein glimrande innsats, seier prosjektleiar Ragna Flatla Haugland i SFE.

Oppryddinga gjekk føre seg i områda vest for Gjegnabu. Elevar og ansvarlege frå SFE og folkehøgskulen vart frakta inn og ut av området med helikopter. Vêret gjorde sitt til at berre to av tre planlagde område vart rydda opp i.

SFE er glade for  åfå rydda opp noko av  restane i høgfjellet. - Vi ønskjer jo helst at det skal sjå bra ut etter anleggsverksemda vår, og vi har fokus på opprydding etter alle prosjekt framover, seier miljørådgjevar Vegard Fagerli i SFE.

Rektor ved Nordfjord Folkehøgskule Tore Humstad synes det er flott å samarbeide med SFE.
- Elevane syns det var spennande å vere med å rydde, noko som er ei god sak i seg sjølv. Ekstra motiverande var det at SFE gav ei sponsorgåve til eit skuleprosjekt som takk for innsatsen, eit solidaritetsprosjekt i Nepal. Pengane går til eit sjukehus i landsbyen Okhaldhunga som skal tene ei befolkning på 300 000 menneske med berre 32 sengeplassar og tre legar, seier Humstad.

Ryddinga er eit spleiselag mellom SFE og Statens Naturoppsyn. Målet er å få plukka ned synleg skjemmande skrot i områda rundt og i Ålfotbreen landskapsvernområde.

 

Sparetips

Vask fulle maskiner