Sommarjobb i SFE?

Er du ute etter sommarjobb? Vi søkjer no etter studentar og andre som ser etter sommarjobb. SFE er eit av dei store energiselskapa på Vestlandet og våre fagmiljø kan by på mange utfordrande oppgåver for deg som ønskjer ein relevant sommarjobb.

Våre 250 dyktige tilsette jobbar mellom anna innan elektro, byggfag, maskin, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir. Under har vi definert ulike sommarjobbar som du kan søkje på. Finn du ikkje ditt fagfelt i lista under, kan du likevel registrere ein søknad hos oss, i tilfelle bakgrunnen din er relevant for oss.

Sommarjobb innan datakvalitet
I Florø treng vi ein eller to sommarhjelparar som kan vere med å heve datakvaliteten i systemet for nettinformasjon. Vi ser etter deg som er ryddig og nøyaktig.

Sommarjobb innan jordplatemåling
Vi ønskjar to sommarhjelparar til å gjere jordplatemålingar i Flora. Vi ser etter deg som er i gong med ei utdanning innan elektro/elkraft og som har førarkort for bil.

Sommarjobb innan vedlikehaldsarbeid
Vi ser etter fleire som likar å jobbe ute og som er glad i å ta i eit tak. Oppgåvene dreiar seg om å vere medhjelparar ved anleggsarbeid og å utføre enkle vedlikehaldsoppgåver. Arbeidstad kan vere Eid, Reed, Sandane, Rugsund eller Florø. Det er ønskjeleg med førarkort.

Sparetips

Alternativ lysbruk