Straumutkoplingar under OL

I samband med naudsynt arbeid i nettet koplar SFE Nett frå tid til annan ut straumen i enkelte trafokretsar. For utkoplingar grunna vedlikehald og trafoombyggingar er planleggingshorisonten langsiktig, og vi nyttar gjerne innleigde firma til arbeidet. I tillegg kjem reparasjonar ein må ta når eventuelle feil oppstår. Dette er arbeidet vi må gjennomføre, også under OL. Vi sender sms-varsling til alle nettkundar vi har registrert mobilnummer på, og større utkoblingar vert annonsert i relevante aviser og på SFE Nett sine heimesider. Dersom vi ikkje allereie har mobilnummeret ditt, kan du registrere det her.  

Vi beklagar eventuelle ulemper dette måtte medføre, og håpar våre nettkundar ikkje går glipp av sine favorittøvingar i OL.

Helsing SFE Nett

Sparetips

Alternativ lysbruk