Unngå straumfelle ved flytting

Om du flyttar til ny adresse, må du hugse å velje ny straumleverandør. Om ikkje, får du straum frå nettiegar på sokalla "ventetarfiff" eller "pliktleveranse". Denne straumen er dyrare enn den du får med ein kraftleverandør.

SFE Nett tek jamnleg kontakt med kundar som har pliktleveranse, for å gjere dei merksame på at dei må velje seg ein kraftleverandør. På grunn av reglar frå NVE, har ikkje SFE høve til å flytte slike kundar på ny og billigare avtale, men kunden må sjølv gjere eit aktivt val av kraftleverandør. 

- Alt vi kan gjere er å informere dei aktuelle kundane om at dei må inngå ei avtale med ein straumleverandør. Sjølv om SFE kan levere både kraft og nett, er vi av nøytralitetsmessige reglar pliktige til ikje å blande saman SFE Kraft og SFE Nett, og vi kan ikkje velje kraftleverandør for kunden. Dette gjer at fleire kundar kan stå lenge med ein ugunstig straumavtale, seier leiar for kundesenteret i SFE Kraft Hege Svalheim.

Vanskeleg å forstå
- For mange kundar er straumrekninga vanskeleg å forstå, og dei vil helst ikkje bry seg meir enn naudsynt. Dette er ein utfordring for oss når vi forsøker å gjere dei merksame på at dei må velje seg lrafleverandør.  Å fortelje at dei kan spare pengar ved å ta ein telefon, eller gå inn på Mi side, er ikkje alltid nok, seier Svalheim.

Sparetips

Luft rett