Utrygg is på regulerte vatn

I område med vasskraftproduksjon kan det vere fleire potensielle faremoment for folk som ferdast i naturen. Spesielt kan ferdsle på islagte regulerte vatn vere ein risiko då nedtapping av magasina om vinteren påverkar vasstand, straumforhold og temperatur. Dette gjer at isen stadvis vert svakare enn den ville vore i naturleg tilstand. All ferdsel er på eige ansvar og kvar og ein må sjølv vurdere tilstanden og sin eigen tryggleik.

Vi oppmodar om å vere ekstra varsam med ferdsle nær breidda og direkte på islagte magasin og regulerte elvestrekningar på vinterstid. Ver spesielt merksam på opningar mellom skråliggande isflak i strandsoner og ope vatn ved tunnelinntak, sund og elveos.

Ved alle regulerte vatn er det sett opp skilt som informerer om at det er fare for utrygg is. Her finn du oversiktskart over regulerte vatn som er knytte til SFE og Svelgen Kraft sin vasskraftproduksjon:

- Bremanger, Flora, Gloppen
- Askvoll
- Balestrand og Fjærland
- Selje og Vanylven

Sjølv om du ikkje finn «faremeldingar» for akkurat det vatnet du tenkjer deg på tur til, er det likevel grunn til å vere varsam.

NVE har oppdatert informasjon over istilhøva på innsjøar i heile landet.
Her finn du ismelding for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Sparetips

Alternativ lysbruk