Validér og Powel teiknar omfattande strategisk avtale

Validér og Powel teiknar omfattande strategisk avtale, og skapar Noregs største plattform for handtering av automatiske målarar. Fleksibiliteten i plattformen gjer det mogleg å utvide den med omsyn til størrelse og fleksibilitet. I starten handterer løysinga 400 000 målepunkt og 21 nettselskap. 

Validér AS, ein tenesteleverandør grunnlagt av 21 nettselskap på Vestlandet, mellom dei SFE Nett, har ingått ei strategisk avtale med Powel AS, ein leverandør av programvareløysingar og tenester innan energibransjen og kommunal sektor. Kontrakta inneber at Powel vil levere og implementere ein IT-plattform saman med sine underleverandørar Oracle og e-vita. Denne gjer det mogleg for Validér å vekse til Noregs hittil største leverandør av tenester for automatiske målarar (AMS). Til å byrje med omfattar løysinga 400 000 målepunkt.

«Eg har store forventningar til sentralsystemet og ikkje minst til Powel som hovudleverandør og samarbeidspartnar i åra som kjem» seier Thomas Thiis, dagleg leiar i Validér. «Eg er overtydd om at vi vil kunne tilby ei kostnadseffektiv og sikker drift av AMS for våre eksisterande og framtidige eigarar og kundar.»

Betydeleg effektivisering av eksisterande og nye prosessar

Gjennom innføringa av smarte målarar eller AMS vil straumkundar i Noreg få registrert straumforbruket sitt med ei nøyaktigheit på ein time eller mindre. Datainnsamling og styring av målarar skjer gjennom løysinga Powel ELIN som er designa for automatiserte prosessar, samt overvaking av drift og feilsituasjonar i straumnettet. Utover rein innsamling av måleverdiar samlar systemet også inn data rundt hendingar i straummålarar, kommunikasjonen eller el-nettet, i tillegg til at datakvaliteten blir forbetra og avvik handterast automatisk. Gjennom dette vil nettselskapa ha moglegheit til å motta data av sterkt forbetra kvalitet, noko som i stor grad vil forbetre planlegginga, drifta og vedlikehaldet av lavspentnettet.

Framtidsretta konsept

Som marknadsleiar innan programvareløysingar for smarte nett (Smart Grids) og automatiske målarar (Smart Metering) støttar Powel og sine løysingar eit breitt utvalg av målartypar og kommunikasjonsteknologiar – noko som vil vere sentralt for suksessen av Validér sitt konsept. Løysinga støttar AMS-prosessar uavhengig av målerleverandør eller kommunikasjonsprotokoll. På denne måten sikrar Powel den nødvendige fleksibiliteten for ein vellukka og trygg handtering av eit så stort prosjekt, både no og i framtida.

Validérs konsept - den sentrale tjenesteplattformen

Validér kjem til å leverere tenester som effektiviserer og sikrar prosessar relatert til smarte straummålarar og nyttar til dette formålet Powel si løysing for innsamling, prosessering og analyse av målardata. Selskapet vil implementere og støtte integrasjon av Sentralsystemet med elhub.no og nettselskapa, med kundeinformasjonssystem (KIS) og nettinformasjonssystem (NIS).

"Løysinga frå Powel gjer at vi kan handtere heile prosessen frå datainnsamling og validering av måledata til avvikshandtering og konfigurering av hendingar og alarmar gjennom same plattform. Dette gjer det mogleg for oss å effektivisere våre prosessar og tenester", seier Thomas Thiis. "Dessuten er vi imponert over dei topp referansar som Powel var i stand til å gje frå andre storskala implementeringar i Europa.»

For Powel er kontrakta ein viktig milestolpe i heimemarknaden.  

"Når målesystema blir meir og meir intelligente, syner det at foretak som Validér i aukande omfang ser potensialet i å tilby nye og effektive tenester basert på dei moglegheitene som fleksible og åpne løysingar kan gje, " sier Bård Benum. ”Det er mykje som skjer på dette området for tida, og vi er glade for å sjå at Norge viser vei".

Fakta om løysinga:

Innan ramma av denne kontrakta vil Powel implementere løysingane Powel ELIN og Powel MOBI for å forvalte og drifte eit minimum av 400 000 målepunkt i samsvar med norske krav for avanserte måle- og styresystem (AMS). Systemet vil nytte Oracle Exadata og Exalogic som plattform for database/mellomvare og handtering av sikkerheit, samt programvaren iKnowBase frå underleverandøren e-vita for BPM-funksjonalitet. I tillegg vil Powel nytte seg av verdensleiande GIS-verktøy ArcGIS for å gjere det mogleg med kartbasert analyse og avvikshandtering. Løysinga vil tilføre betydeleg verdi ved å automatisere prosessar og integrasjonar med både nettselskap og komande elhub.no.

For meir informasjon, ver vennleg å kontakte:

Bård Benum, CEO, Powel
+47 73 80 45 00
bard.benum@powel.no
www.powel.no

Thomas Thiis, CEO, Validér
+47 92 69 10 10
thomas.thiis@valider.no
www.valider.no

Om Powel
Powel AS har sitt hovudkontor i Trondheim, og leverer forretningskritiske softwareløysingar og tilknytta tenester spesialtilpassa for å hjelpe energiselskap og offentlege verksemder med betre arbeidsprosessar og servicekvalitet. Selskapet er marknadsleiande innan softwareløysingar for forvalting og drift av kraftnett og planlegging av vasskraftproduksjon, og har dermed eit unikt utgangspunkt for å tilby eksperthjelp innan utviklings- og rådgjevingstenester. Powel er eit privateigd selskap grunnlagt i 1996, og har i dag over 300 tilsette. For meir informasjon, besøk www.powel.no.

Om Validér
Validér AS vart etablert i juni 2013 av sju nettselskap som utgjer Vestlandsalliansen (www.vestlandsalliansen.no) og ytterligare 14 nettselskap på Vestlandet gjekk inn som eigarar i desember 2013. Validér AS vil fungere som tenesteleverandør for sine eigarar og vil forvalte og drifte sentralsystemet for innsamling og behandling av all måledata. Selskapet vil bidra til å integrere sentralsystemet mot nettselskapa sine ERP-system. Validér AS vil støtte og drifte dei nødvendige grensesnitta til den fremtidige nasjonale Elhub - elhub.no.

Sparetips

Alternativ lysbruk