Vellykka helg og glade vinnarar

I helga vart det arrangert Energihelg i Gloppen i regi av Nordfjord folkemuseum og Firda vgs og SFE. Laurdagen var det energivandring langs Gloppeelva og dei tre kraftstasjonane som SFE opererer der. På ei om lag fem km lang løype fekk folk sett nærare på kraftstasjonane og brynt seg på energirelaterte oppgåver undervegs. Søndag var det ulike aktivitetar på Nordfjord Folkemuseum, mellom anna Energikamp der ein kjempa lagvis gjennom ei løype med ulike utfordringar. Her hadde elevar ved realfaglinja på Firda vidaregåande gjort ein kjempeinnsats med å lage løypa morosam og lærerik for dei som deltok.

SFE stod for hovudpremien på arrangementet nemleg ein klassetur til Bergen og VilVite-senteret. Premien var berre for 6.-10. klassingar som deltok på natursti og/eller energikamp. Den glade vinnaren vart Veronica Slagstad i klasse 10 b) ved Gloppen ungdomsskule. Ho vann ein tur for seg og klassa si. Turen vart svært kjærkomen for klassa som frå i sommar drar kvart til sitt når dei startar på vidaregåande. Dei hadde ingen planar om avslutningstur frå før men nå kan dei 26 elevane og to lærarar allereie den 2. juni sette seg i bussen og reise til Bergen.

Kontaktlærar for klassa Jarle Gloppestad vart også veldig fornøgd: "Eg er svært godt nøgd med at det var klassa vår som stakk av med den  flotte  premien frå SFE. Klassa hadde ingen planar for avslutningstur frå før, og elevane er svært begeistra for tur til Bergen og Vilvite-senteret" seier han.

Sparetips

Vask fulle maskiner