Velkomen til nye nettsider

SFE er stolte av å presentere ein ny og forbetra nettportal for deg som kunde. Vi ønskjer å følgje den raske utviklinga som skjer innan webløysingar. Vi vonar at løysinga vi har utvikla vil gje deg ei positiv oppleving når du søkjer etter informasjon frå SFE. 

Vi har hatt fokus på at den nye sfe.no skal vere ryddig, oversiktleg og brukarvenleg.

«Mi side» vil gjere det endå lettare for deg å endre avtala di med oss, melde flytting, få fakturaoversikt, med meir. Vi har også etablert ein «chat»-funksjon, der du kan prate direkte med vårt kundesenter frå heimesida. Sjå kontaktboksen nedanfor denne artikkelen.

Er du usikker på om du har rett straumprodukt til forbruket ditt, kan du prøve vår produktveljar. Du kan også finne gode råd om korleis spare straum her.

Send oss gjerne tilbakemeldingar på nettsida – både ris og ros. Du kan kontakte oss på telefon, e-post eller via chat. Vi vil gjerne forbetre oss på alle område.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Alternativ lysbruk