Ver obs på høgspent-leidningar i høgfjellet

Har du tenkt deg på skitur i høgfjellet i påska? Då kan det vere greitt å vere merksam på at kraftleidningar kan henge nærare snøen enn vanleg.

Ein snørik vinter har ført til unormalt store snømengder enkelte stader i høgfjellet. SFE Nett melder at folk må vere merksame på at avstanden opp til høgspentleidningar kan vere mindre enn ein er vande med. Driftssjef i SFE Nett, Ståre Austrheim, seier dei har gjort fleire tiltak, men at folk likevel må vere forsiktige i nærleiken av kraftleidningane.

- Enkelte stader har store snømengder, gjerne kombinert med skavlar skapt av vinden, ført til at avstanden opp til leidningane er vel liten. Dette har vi mellom anna sett på Gaularfjellet og i Høyangerfjella, og det kan vere tilfelle andre stader. Då er det svært viktig at ein held seg godt unna leidningane. Vi har både fjerna ein del snø og merka fleire farlege punkt den siste tida. Men forholda her kan forverre seg med vêr og vind, og det kan også vere andre farlege punkt vi ikkje har sett, seier Austrheim.

Skulle ein kome i nærleiken av kraftleidningar som heng nær snøen anbefalar Austrheim at ein held seg på god avstand.

- Kanskje kan det vere fasinerande å sjå høgspentleidningar på nærare hald enn vanleg, men er ein for tett på leidningane kan straumen slå over sjølv utan kontakt. Eg vil derfor rå turfolk om å halde seg minimum 10 meter unna leidningane, seier Austrheim.

Sparetips

Alternativ lysbruk