Vi søkjer lærlingar

Ved montørbasane våre i Askvoll, Florø, Bremanger, Vågsøy, Stadlandet, Nordfjordeid og Sandane, er vi ute etter lærlingar med gode haldningar, fagleg bakgrunn og engasjement for energimontørfaget. Er du lysten på ei spennande framtid med bygging og drift av SFE sine nettanlegg?

SFE er ei IA-bedrift med høg medarbeidartilfredsheit, lågt sjukefråvær og stort fokus på HMS (Helse Miljø og Sikkerheit). Vi er aktive i forhold til å inkludere fleire i arbeidslivet, og få eldre til å stå lenger i arbeid. Vi har konkurransedyktige løns- og arbeidsforhold og gode forsikringsordningar. 
 
For meir informasjon kontakt Tove Rindheim på tlf 57 88 47 00 eller mob.tlf 938 12 685

Søknadsfrist er 30. april og oppstart av læretida vil vere rundt 15. august.

Klikk her for å søke lærlingplass. Dersom fleire av montørbasane er aktuelle for deg ber vi om at du kryssar av for dei aktuelle montørbasane når du registrerer søknaden din.

Sparetips

Luft rett