Saman for reint vatn

Sidan vi starta opp samarbeidet med Plan International Norge i 2012 har vi bidrege til at 19 lokalsamfunn og meir enn 15 000 menneske i Sierra Leone har fått tilgang til reint vatn og ein sterkt forbetra livssituasjon. No er SFE med Plan på eit tilsvarande prosjekt i Zimbabwe - i områda til urbefolkninga San-folket.

Eit av verdas fattigaste land
I 1980 var Zimbabwe eit av dei rikaste og mest utvikla landa i Afrika, både innan utdanning og helse. I dag er det eit av verdas fattigaste land. Etter mange år med økonomisk nedgang, auka fattigdom, politisk uro og dårlege avlingar, har meir enn tre millionar menneske forlate landet.

San-folket i Tsholotsho, regionen der SFE skal bidra med reint vatn, var ein gong nomadiske jegerar og samlarar. Reguleringar innført for urbefolkninga har tvunge dei til å busette seg i områder svært lite egna til landbruk, og samstundes forbyr nye lover jakt – noko som tidlegare ein svært viktig del av deira kultur og viktig matkjelde. 

Ikkje regn i 2015
Kvart år går mange born glipp av undervisning på grunn av sjukdom som følgje av dårlige sanitærforhold og mangel på tilgang til reint vatn. Å hente vatn er gjerne borna si oppgåve – noko som kan ta fleire timar kvar dag og gjere tid til skulegong og lekser til ei utfordring.

Dei fleste av innbyggjarane har berre tilgang til ubeskytta vasskjelder. Vasskjeldene blir brukt av både dyr og menneske. I tillegg har det vore tørke dei siste 10 åra, som gjer at vasskjeldene tørkar inn, og avstandane blir endå lengre. 2015 har vore eit av dei verste åra nokosinne. Dette året har det  ikkje regna i det heile teke.

God straum gir reint vatn 
Utover den pengestøtta SFE gir, kan også kundane våre vere med å støtte prosjektet.  For kvar ny kunde på straumavtala God straum gir vi 20 kr/mnd til vassprosjektet i Zibabwe. Les meir om straumavtala her.


God straum gir reint vatn

For kvar ny kunde på straumavtala God straum gir vi 20kr/mnd til vassprosjektet i Zimbabwe.

Les meir

Sparetips

Alternativ lysbruk