Breiband
Enivest er vår samarbeidspartnar for leveranse av breiband til både bedriftskundar og privatkundar i vårt dekningsområde. Du kan lese meir om tilboda frå Enivest her.
SFE har eit stort engasjement innan breiband og kommunikasjon. Alt i mars 1999 vart breibandselskapet Firdanett etablert av mellom anna Gloppen Elektrisitetsverk (GEV), og selskapet var mellom pionerane i Noreg på dette tidspunktet. Gjennom selskapet Ytre Fjordane Kraftlag (YFK) har ein også engasjert seg på eigarsida i breibandselskapet Enivest. Etter fusjonen mellom YFK og SFE i 2003, vart eigarandelane i Firdanett og Enivest samla i Sogn og Fjordane Energi (SFE).
For å skape eit slagkraftig breibandselskap for Sogn og Fjordane har SFE medverka til at selskapa Firdanett og Enivest vart fusjonert i 2004. Det fusjonerte selskapet heiter Enivest, og SFE eig 41,73% av selskapet. Selskapet har hovudkontor i Førde og eit avdelingskontor på Sandane.
SFE Nett har som visjon å verte den leiande leverandøren av elkraft- og teleinfrastruktur i Sogn og Fjordane. Dette inneber ei tung satsing på utbygging av breibandinfrastruktur i regionen. Infrastrukturen knyter saman dei største bygdene og byane i Sunnfjord og Nordfjord, og utgjer dessutan ein del av energiforsyninga sitt nasjonale breibandnett. SFE Nett står som eigar av infrastrukturen og leiger denne ut til mellom anna Enivest.
Lenke:
Enivest