Ekte vare
Vi har våre røter i fjordfylket - Sogn og Fjordane. Her har vi bygd opp vår historie og skapt vår verksemd – av utemd vatn frå brear og høge fjell som kastar seg i ville fossar mot djupe fjordar.
Gjennom generasjonar har fjordfolket hausta av naturen sine eigne krefter, men alltid med tanke på at dei skal vare - ein berekraftig bruk av vår storslagne, men sårbare rikdom. Ein nøktern bruk tufta på kulturen for å ta vare på kvarandre, naturen og miljøet.
Når uvêret truar har fjordfolket alltid stått saman. Alle mann av huse – saman gjennom stormkast og snødrev – ein tar først kvelden når gløden er tilbake i lampa i småstova . Fellesskapet, stoltheten og gleda over å kunne stille opp for andre ligg tjukt under huda på fjordfolket.
For oss er dette det enkle og det ekte.
Vår kunnskap, og denne drivkrafta, skal du som kunde oppleve kvar dag.
Vi leverer ekte vare !