Mange studentar på karrieremesse i Trondheim
15.02.2010
Den andre av Framtidsfylket sine 3 karrieremesser vart arrangert i Trondheim. Heile 70 standholdarar og over 200 studentar tok turen til Royal Garden Hotel denne kvelden.
Dei frammøtte fekk også denne gongen med seg ”Først og fremst”, talkshowet frå Framtidsfylket med Roy Aron Myklebust som vert. Her får ein høyre ulike personar snakke om korleis det er å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. Framtidsfylket stilte også med eigne kokkar som serverte fjordtapas av lokale råvarer.
SFE stilte med fleire ledige stillingar denne kvelden, blant anna rådgjevar innan energi og miljø (VVS), analytikar på handelsbordet, ingeniør (elkraft) og fleire aktuelle trainee-stillingar. Trondheim er med NTNU eit eldorado innan tekniske fag, og vi traff fleire gode kandidater denne kvelden!
På slutten av kvelden var det premieutdeling, atter ein gong delte vi ut eit gåvekort på surfeweekend på Stad for to personar. Den same premien har vi også på siste messe som er i Bergen 16. februar. Vi gler oss!