Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Nett   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 
Nyheit

Utkobling av tilfeldigkraft

16.02.2010

På grunn av låg magasinfylling og anstrengt drift i nettet har Statnett varsla at alle kundar med tariff for utkoblbart forbruk må koble ut frå kl.09.00 den 16.februar. Kundane må i samsvar med tidlegare oversendt tekstmelding rapportere til SFE at utkoblinga er gjennomført, evt om ein har problem med å gjennomføre utkoblinga.
 
Dersom utkoblinga ikkje kan gjennomførast i samsvar med retningslinjene, kan dette få konsekvensar for nett-tariffen. Nærare reglar finn ein på Statnett sine sider.
 
Innkobling skal ikkje gjerast før det er gitt melding om at innkobling kan skje. Utkoblingsperiode er i øyeblikket usikker, men vi kan stå ovanfor ein langsiktig situasjon.
 

Kontaktpersonar i SFE er:

Ståle Austrheim: tlf 959 72 151

Overordna vakt: tlf 477 74 486



print

rss Category

Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 24 mill. kr  i første halvår 2010. Grunna mindre tilsig av vatn, og dermed mindre kraftproduksjon enn normalt, vart resultatet 15 mill. kr lågare enn tilsvarande periode i fjor.

I lys av pågåande debatt tilkjennegjev SFE, som regional utgreiingsansvarleg for kraftsystemet i fylket, sitt syn på nettsituasjonen og aktuell nettløysing. Det viktig for heile regionen at 420kV Ørskog/Fardal blir realisert så snart som mogeleg, og ei kraftlinje er den klart beste løysinga.

Stig Svalheim (37) er tilsett som administrerande direktør i Vestavind Kraft AS. Han har vore konsitituert i stillinga sidan januar i år.

Gjermund Kvernmo er vår nye trainee. Han er 28 år og kjem frå Fredrikstad. Han er tilsett i SFE Kraft på Sandane der han blant anna skal jobbe med energimerking av bygg.

Petter Fagerlid frå Måløy har ikkje sykla på 50 år, men vart den heldige vinneren av ein sykkel i SFE sin eKunde-konkurranse.

Nettselskap har leveringsplikt til kundar som vert ståande utan gyldig kraftleveringskontrakt. Les meir om kva dette betyr for deg som ikkje har kraftleverandør.

SFE Nett AS er utpeika av NVE som ansvarleg for å utarbeide kraftsystemutgreiinga for Sogn og Fjordane. Les meir for å sjå årets utgreiing.

SFE sponsar Florø Friidrettsfestival og ønskjer å gje 10 kundar ein gratisbillett til arrangementet. Send ein e-post til monica.lystad@sfe.no om du ønskjer ein billett!

Som sponsor av Eikefjord fotball ønskjer vi å gje fem av kundane våre eit frikort til Eikefjord sine heimekampar i sesongen 2010.

Noreg er no delt inn i fem prisområde, og prisane kan i periodar variere ein del øre mellom dei ulike. Her finn du ei grundigare forklaring om kva prisområde er.


  Side:   av 5