Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Nett   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 
Nyheit

Rekorddeltaking på karrieremesse i Bergen

18.02.2010

Den siste av Framtidsfylket sine tre karrieremesser vart arrangert i Grieghallen i Bergen. Med 53 stands, 140 personar på stand og 550 besøkande må dette seiast å vere ei rekorddeltaking!

Talet på besøkande og antal stands har auka jamnleg sidan ein byrja å arrangere slike messer, og messene har etterkvart blitt ein etablert møteplass for bedrifter og personar med tilknyting til Sogn og Fjordane. Dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne Van Oorschot, har gjort ein kjempejobb med å marknadsføre karrieremessene, satsinga på traineestilling i Framtidsfylket, og ikkje minst den nye portalen www.framtidsfylket.no.

Messa i Bergen vart arrangert i beste OL-tid, og til glede for mange besøkande stilte Stian Grimseth opp med TV og direktesending frå OL på standen til Gravdal Bygg.

SFE har møtt mange interesserte studentar og arbeidstakarar på Framtidsfylket sine messer. Mange flinke folk ønskjer seg heim til Sogn og Fjordane, og vi håpar å sjå meir til fleire av dei vi har snakka med i Oslo, Trondheim og Bergen. Vi legg no ut informasjon om ledige stillingar, traineestillingar, sommarjobbar, oppgåveskriving og meir på jobbsidene til SFE! 



print

rss Category

Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 24 mill. kr  i første halvår 2010. Grunna mindre tilsig av vatn, og dermed mindre kraftproduksjon enn normalt, vart resultatet 15 mill. kr lågare enn tilsvarande periode i fjor.

I lys av pågåande debatt tilkjennegjev SFE, som regional utgreiingsansvarleg for kraftsystemet i fylket, sitt syn på nettsituasjonen og aktuell nettløysing. Det viktig for heile regionen at 420kV Ørskog/Fardal blir realisert så snart som mogeleg, og ei kraftlinje er den klart beste løysinga.

Stig Svalheim (37) er tilsett som administrerande direktør i Vestavind Kraft AS. Han har vore konsitituert i stillinga sidan januar i år.

Gjermund Kvernmo er vår nye trainee. Han er 28 år og kjem frå Fredrikstad. Han er tilsett i SFE Kraft på Sandane der han blant anna skal jobbe med energimerking av bygg.

Petter Fagerlid frå Måløy har ikkje sykla på 50 år, men vart den heldige vinneren av ein sykkel i SFE sin eKunde-konkurranse.

Nettselskap har leveringsplikt til kundar som vert ståande utan gyldig kraftleveringskontrakt. Les meir om kva dette betyr for deg som ikkje har kraftleverandør.

SFE Nett AS er utpeika av NVE som ansvarleg for å utarbeide kraftsystemutgreiinga for Sogn og Fjordane. Les meir for å sjå årets utgreiing.

SFE sponsar Florø Friidrettsfestival og ønskjer å gje 10 kundar ein gratisbillett til arrangementet. Send ein e-post til monica.lystad@sfe.no om du ønskjer ein billett!

Som sponsor av Eikefjord fotball ønskjer vi å gje fem av kundane våre eit frikort til Eikefjord sine heimekampar i sesongen 2010.

Noreg er no delt inn i fem prisområde, og prisane kan i periodar variere ein del øre mellom dei ulike. Her finn du ei grundigare forklaring om kva prisområde er.


  Side:   av 5