Kraftsituasjonen- kva påverkar prisane?
22.02.2010
Kva påverkar straumprisen?
Kraftprisen vert påverka av alle dei faktorane som igjen verkar inn på forbruksnivå, produksjonstilgang og transportkapasitet. Nokre av dei viktigaste faktorane er:
· Temperatur
· Tilgang på vatn og snø
· Midlertidige produksjonsavbrot
· Råvareprisar på fossil energi (som også er ein del av den nordiske energimiksen)
· CO2-kvoteprisar (kvoter vert pålagt fossil energi)
· Midlertidige brot i nettet
Kva faktorar som drar opp og ned, og slår ut mykje eller lite, varierer. Dessutan vil flaskehalser i straumnettet kunne påverke prisskilnadene mellom områda i Noreg og Norden.
Kva påverkar prisen akkurat no?
Akkurat no er det fleire faktorar som har ført til relativt høge prisar (kulde, tørt vêr, kjernekraft ligg ute), samtidig som forhold i nettet har ført til store prisvariasjonar mellom regionane (flaskehalser og avbrot). Dagens ekstraordinere prisar (mandag 22/2) er så høge primært grunna høgt forbruk i heile Norden, og fordi ca 35-40 % av svensk kjernekraft er ute av produksjon.
Kraftmarknaden er prega av ein uvanleg vinter. Det har vore kaldt og ganske tørt vêr i heile Norden sidan midten av desember. Hittil i år har vi brukt 11 prosent meir kraft enn i fjor. Vi har lite snø i fjellet og eit såkalla hydrologisk underskot på 35 TWh, ca 15 TWh underskot i Noreg (veke 6). Magasinfyllinga ligg altså godt under normalen. Jo lenger denne situasjonen varer, jo større blir prisverknaden. Dessutan har svensk kjernekraft vore ute i større eller mindre grad over ein lang periode.
Den pressa balansen, saman med lokale variasjonar, aukar behovet for å flytte mykje energi innan Norden. Derfor har det forverra den pressa marknadssituasjonen at Oslofjordkablane har gått på redusert kapasitet (heilt sidan 2008), og at kabelen mellom Oslo og Nederland no også er ute. Lokale flaskehalser blir sjølvsagt meir kritiske når den generelle forsyningssituasjonen blir pressa.
Det er ingen forandringar i utfall av nett/produksjon samanlikna med førre veke.
Korleis ser det ut framover?
Framover blir det viktig å sjå korleis vêret utviklar seg. Vêrutsiktene er framleis kaldt og tørt. Spesielt på Vestlandet treng vi nedbør. Vanlegvis kjem mykje av vinternedbøren i fjellet i mars-april.
Behov for meir nett
Situasjonen er heller ikkje lik i alle landsdelar. Forsyningssituasjonen varierer og understrekar behovet for å fjerne flaskehalser i nettkapasiteten. Norden som heilskap treng også den forsikringa som tilgang på kraft utanfrå inneberer, dette peiker på behovet for fleire utanlandskablar – i tillegg til behovet for å fjerne flaskehalser i Noreg og innanfor Norden. Meir nett og fjerning av flaskehalser er viktig for forsyningstryggleiken og ein stabil prisutvikling.
Prisutsikter
I dag er den nordiske systemprisen 1093 NOK/MWh. Områdeprisane i Norden viser at Midt-Noreg og Nord-Noreg, saman med Sverige, Finland og Danmark-Aust, ligg over systemprisen på heile 4101 NOK/MWh i dag.
Internt i Norden går kraftflyten om lag som prisbiletet skulle tilseie – og Norden som heilskap suger i augneblinken til seg mykje kraft utanfrå.
Framtidsprisane for levering seinare i vinter har stege dei siste dagane (mars ligg no på kring 55 øre/kWh), noko som kan ha å gjere med at kaldvêret no har vart så lenge at vi treng ekstra fuktig vêr for å utlikne situasjonen. Når vi kjem lenger utpå året og inn i 2011, fell framtidsprisane ned til eit nivå som liknar meir det prisene har lege på over noko tid. Det kan altså verke som at marknaden ikkje ventar nokon langvarig pris på dette nivået, men likevel på eit relativt høgt nivå.
Sjå også lenkene nedanfor.
Marknaden – akkurat no
Dei følgjande sidene gjev ein god peikepinn om kraftsituasjonen frå dag til dag og veke til veke, og kan brukast overfor journalistane:
Trykk på ”Map” for å sjå den fysiske flyten mellom prisområda.