- Ikkje lønsamt å "snu døgnet"
22.02.2010
Det seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Ole Schanke Eikum, etter at Rune Nydal i Småkraftforeininga oppmoda nordfjordingane til å ”snu døgnet”, og lage middag på natta. Bakgrunnen for dette er dagens kraftsituasjon med relativt høge prisar. Argumentet til Nydal går på at straumen er dyrast på ettermiddagen når straumforbruket er størst.
- Verkar ikkje inn på straumrekninga til folk flest
Avrekning av elektrisk kraft til private sluttbrukarar skjer ikkje time for time. Det skjer derimot ved at kunden sjølv les av målaren sin annakvar eller tredjekvar månad. Kraftprodusentar får avrekna produksjonen sin kvar time, for dei er det derfor viktig å tilpasse produksjonen til timeprisane, forklarar Schanke Eikum.
Eitt unntak er kundar med eit forbruk på over 100.000 kWh/år. Dei har målarar som les av og avreknar automatisk kvar time. Kombinert med ein spotprisavtale vil tidspunktet for straumforbruket vere relevant for desse kundane.
Kan vere aktuelt i framtida
Norges Vassdrags- og Energidirekorat (NVE) utgreier no ei innføring av timesavleste målarar til privatkundar. Om dette vert aktuelt i framtida kan tidspunktet for når på døgnet ein brukar straum verke inn på straumrekninga. Mange er skeptiske til konsekvensane av å køyre elektriske apparat på natta. Går desse utan tilsyn, kan risikoen for dødsbrannar auke, avsluttar Schanke Eikum.