Målaravlesing på SMS
04.03.2010
Målaravlesing kan du enkelt levere på SMS. Følg framgangsmåten nedanfor for å registrere deg med mobilnummer, og levere målarstand på SMS.
Målaravlesing på SMS:
1. Registrer deg som brukar
Finn fram kundenummer og målarnummer (dette står på blant anna kundekortet ditt og på fakturaen). Slik skriv du meldinga:
SFE reg <kundenummer><målarnummer>
Send meldinga til 2080. Døme: SFE reg 945367 97658654
Når du mottek ei kvitteringsmelding som stadfester ditt mobilnummer kan du lese av målaren via SMS. Skiftar du mobilnummer må du registrere deg på nytt.
2. Innsending av målaravlesing
Du vil no få påminning om målaravlesing på SMS seksgonger kvart år, den 1. i annakvar månad. Du kan og sende avlesing når du vil utover desse datoane. Slik skriv du meldingane:
SFE <målarstand>
Send meldinga til 2080. Etter innsending vil du motta ei kvitteringsmelding som stadfester målarstand og du vil få opplyst forbruk i perioden. Dersom målaravlesinga har avvik frå forventa forbruk vil du få ei melding, og må sende ny målarstand.
SFE <målarstand> OK
Har du fleire målarar skriv du følgande per målar:
SFE <målarnummer><målarstand>
3. Avslutning av SMS-teneste
Dersom du ikkje lenger ønskjer å få påminning om målaravlesing, og sende avlesing på SMS, må du gjere følgande for å avslutte tenesta:
SFE stop <kundenummer><målarnummer>
Send meldinga til 2080.