Informasjon om kompensasjonsordninga og søknadsskjema finn du her.
|
Orkanen Dagmar ramma Nordvestlandet 1. juledag og store deler av SFE sitt linenett vart råka. For delar av nettområdet tok det to døgn eller meir før straumen var tilbake. Skadane på nettet er til dels omfattande og NVE sitt regelverk om Kompensasjon for Ikkje Levert Energi (KILE) og kompensasjon ved svært langvarige avbrot kan gje vesentlege kostnader for SFE.
|
I samband med at SFE byrjer med månadleg fakturering har vi nye opningstider på kundesenteret vårt. Vi er no tilgjengelege på telefon mandag til torsdag mellom 07.30-18.00 og fredager mellom 07.30-15.00.
|
Det er ingen kundar i SFE sitt nettområde som er utan straum som følgje av høgspentfeil.
|
Frå januar 2012 vil SFE fakturere månadleg. Etter fleire kalde vintrar med høge straumprisar har både styresmaktene og kundane oppmoda energiselskapa om dette.
|
Noreg og Sverige har inngått avtale om å innføre ein felles elsertifikatmarknad frå og med 1. januar 2012. Dette er ei økonomisk støtteordning som skal stimulere til auka produksjon av straum frå fornybare energikjelder.
|
Enova Gründercamp gjekk av stabelen hos Sogn og Fjordane Energi (SFE) på Sandane. Campen, som vart arrangert for tredje år på rad, er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap, SFE, Sunnfjord Energi og Sognekraft. Målsettinga er at elevane skal lære om fornybar energi og korleis ein betre kan utnytte kraftressursane som ein har til rådigheit.
|
Sogn og Fjordane Energi (SFE) har tilsett Martin Holvik som ny økonomi- og finansdirektør i konsernet. Holvik trer også inn i konsernleiinga.
|
På den årlege IA-dagen vart Sogn og Fjordane Energi (SFE) og selskapet sitt hovudverneombod heidra med to av tre eldsjelprisar for godt IA-arbeid i fylket.
|
Sogn og Fjordane Energi har kraft til å påverke vår felles framtid med fornybar energi – rein vasskraft frå fjordfylket.
|