Om konsernet
Sogn og Fjordane Energi AS vart etablert som eit nytt kraftkonsern frå 01.01.2003 etter ein fusjon av selskapa SFE, Ytre Fjordane Kraftlag (YFK), Gloppen Elektrisitetsverk (GEV), Firdakraft og Eid Energi.
SFE driv produksjon, overføring og omsetnad av elektrisk energi. Konsernet leverer også ENØK-tenester og breibandtenester.
SFE - konsernet har i overkant av 200 tilsette, over 800 mill. kroner i driftsinntekter og ein eigenkapital på omlag 1.100 mill. kroner. Konsernet er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane og er mellom dei store kraftselskapa på Vestlandet.
Konsernsjef er Ole Schanke Eikum.