Vi ønskjer at våre kundar skal få ta del i dei samarbeida vi har med lokale lag og arrangement.
|
Grunna arbeid med overføring til SFE Kraft sitt kundesystem har vi ikkje fått sendt ut faktura for januar og februar 2012 slik det tidligare har vore informert om.
|
Sogn og Fjordane Energi (SFE) si omsetning enda på 1,39 mrd. kroner i 2011, ei auke på 130 mill. kroner frå 2010. Likevel vart resultatet 111 mill. kroner lågare enn i det føregåande året. Hovudårsaka var store kostnader i tilknyting til orkanen Dagmar.
|
Arbeidet med å handsame alle søknader om kompensasjon etter straumbrotet i romjula pågår framleis. SFE Nett tek sikte på at dei som har søkt om og får innvilga kompensasjon får denne trekt frå på nettleigefakturaen i april.
|
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har tilrådd at Sogn og Fjordane Energi (SFE) får konsesjon til å bygge Randalen småkraftverk og Østerbø kraftverk i Østerbøvassdraget i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane.
|
Fornybar energi er framtida – og Sogn og Fjordane Energi si kjerneverksemd. Fokuset på fornybar energi har aldri vore større og energibransjen er ein sterkt veksande bransje, både i fylket, nasjonalt og globalt. Som eit av dei store energiselskapa på Vestlandet har SFE mange utfordrande oppgåver for deg med høgare utdanning.
|
Orkanen Dagmar ramma Nordvestlandet 1. juledag og store deler av SFE sitt linenett vart råka. For delar av nettområdet tok det to døgn eller meir før straumen var tilbake. Skadane på nettet er til dels omfattande og NVE sitt regelverk om Kompensasjon for Ikkje Levert Energi (KILE) og kompensasjon ved svært langvarige avbrot kan gje vesentlege kostnader for SFE.
|
I samband med at SFE byrjer med månadleg fakturering har vi nye opningstider på kundesenteret vårt. Vi er no tilgjengelege på telefon mandag til torsdag mellom 07.30-18.00 og fredager mellom 07.30-15.00.
|
Det er ingen kundar i SFE sitt nettområde som er utan straum som følgje av høgspentfeil.
|
Frå januar 2012 vil SFE fakturere månadleg. Etter fleire kalde vintrar med høge straumprisar har både styresmaktene og kundane oppmoda energiselskapa om dette.
|