SFE på Framtidsfylket sine karrieremesser
18.01.2010
For fjerde året på rad arrangerer Framtidsfylket karrieremesser i Oslo, Bergen og Trondheim. Her kjem eit breitt spekter av bedrifter frå Sogn og Fjordane for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket vårt har å by på.
Framtidsfylket sine karrieremesser er ein uformell møteplass for folk og bedrifter med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mange blir overraska over det store mangfaldet av kompetansearbeidsplassar som finst i fylket, og mange bedrifter har rekruttert kandidater gjennom desse karrieremessene.
Årets karrieremesser er:
Oslo: mandag 1. februar
Trondheim: torsdag 11. februar
Bergen: tysdag 16. februar
Sjå Framtidsfylket sine nettsider for meir informasjon og påmelding!
