Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Nett   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Stor suksess på karrieremesse i Oslo

03.02.2010

Den første av Framtidsfylket sine 3 karrieremesser vart arrangert i Oslo. Oppmøtet var bra med 37 stands og heile 180 gjestar som var innom for å snakke med bedriftene og møte folk frå heimfylket.  

SFE kunne friste med fleire ledige stillingar i kofferten, blant anna som trainee og rådgjevar innan energi og miljø. Vi stilte opp med surfebrett og eigen quiz, og det vi påstår var kveldens mest populære premie, ein surfeweekend på Stad for to personar!

Gjestane fekk også med seg ”Først og fremst”, eit talkshow frå Framtidsfylket. Verten, Roy Aron Myklebust, er kjent frå blant anna NRK Sogn og Fjordane sin Radio Røysi. Han intervjua fleire om korleis det er å bu og jobbe i Sogn og Fjordane. Blant intervjuobjekta var blant anna fylkesordførar Nils R. Sandal, Liv Signe Navarsete og Anne van Oorschot, dagleg leiar i Framtidsfylket.
 
Vi ser fram til neste karrieremesse som er i Trondheim 11.februar!
 


print