Halvårsresultat på 24 mill. kr i SFE
02.09.2010
Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 24 mill. kr i første halvår 2010. Grunna mindre tilsig av vatn, og dermed mindre kraftproduksjon enn normalt, vart resultatet 15 mill. kr lågare enn tilsvarande periode i fjor.
Kald vinter og mindre produksjon
Ein ekstraordinær kald vinter med lite nedbør og mindre tilsig av vatn til magasina, påverkar halvårsresultatet til Sogn og Fjordane Energi (SFE) i 2010. I årets seks første månader hadde SFE ei omsetning på 519 mill. kr. og eit driftsresultat på 123 mill. kr. Dette gjev eit resultat etter skatt på 24 mill. kr, etter ein skattekostnad på 45 mill. kr. Konsernet sin bokførte eigenkapital pr 30.06.10 er 1.151 mill. kr.
- Eit lågare produksjonsvolum er hovudårsaka til at vi oppnådde eit lågare resultat i årets seks første månader samanlikna med same periode i fjor. Vi merka heilt klart den kalde vinteren på kroppen, i overført betydning. Lågare nasjonal vasskraftproduksjon medførte høgare kraftprisar for 1. halvår 2010, men dette kompenserer ikkje fullt ut svikten i tilsig og produksjonsvolumet seier Ole Schanke Eikum, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi.
SFE Produksjon sin kraftproduksjon i 1. halvår var 392 GWh, noko som er heile 157 GWh mindre enn same periode i fjor. Men Eikum har tru på betre tal i inneverande halvår.
- Under føresetnad av normale tilsig framover ventar vi eit resultat som er vesentleg betre i andre halvår enn i første, men det er samtidig grunn til å tru av årsresultatet blir noko dårlegare enn for 2009, seier han. SFE fekk i 2009 eit årsresultat etter skatt på 128 mill. kr.
Legg ein til produksjonen i Elkem Energi Bremanger, som SFE kjøpte i lag med TAFJORD og Sognekraft hausten 2009, endte kraftproduksjonen i 1. halvår på 676 GWh.
SFE sine finanskostnader er kraftig auka frå 14 mill. kr første halvår 2009 til 55 mill. kr dette halvåret fordi finanskostnadane i samband med kjøpet av Elkem Energi Bremanger er belasta rekneskapen med 35 mill. kr.
Auke i nettoverføring og sal til sluttkundar
Gjennom dotterselskapet SFE Kraft selde konsernet 625 GWh straum til sluttbrukarmarknaden i 1. halvår, noko som er ei auke frå 553 GWh frå same periode i fjor. I perioden var den gjennomsnittlege systemprisen 42,0 øre/kWh, ein auke frå 32,2 øre/kWh i same periode i 2009.
- Den gledelege veksten i sal av straum til sluttkundar fortset i 1. halvår 2010, seier Eikum, men uro i kraftmarknaden med periodevis sterkt stigande prisar og endringar i prisområda medfører at sal til sluttbruk har eit negativt resultat 1. halvår.
Også overført kraftmengde i nettet, som er eigd og drifta av dotterselskapet SFE Nett, auka frå 356 GWh i 1. halvår 2009 til 385 GWh i 1. halvår 2010.
- Nettverksemda i konsernet har eit svært godt resultat for 1. halvår, og dette skuldast både betre inntekter frå nettleige og lågare kostnader på drifta, seier Eikum
Pådrivar for realisering av 420kV-linje Ørskog-Fardal
I juni 2009 fekk Statnett konsesjon for bygging av 420kV kraftlinje frå Fardal i Indre Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Denne konsesjonen er anka til Olje- og Energidepartementet og ei avgjerd er venta medio 2010. Eikum peikar på at denne linja er heilt nødvendig for å sikre trygg kraftforsyning i Sogn og Fjordane, og for å kunne realisere lønsam utbygging av ny fornybar energi.
- Sogn og Fjordane har eit stort potensial for ny fornybar energi, men dette er ikkje mogeleg å realisere utan å gjere forsterkningstiltak i nettet. Det er allereie påkoplingsstopp for småkraft, og nettet toler heller ikkje forsyning til fleire større industrietableringar. Forsterking av sentralnettet er derfor viktig for klimaet, lokal verdiskaping og for ei positiv vidareutvikling av næringsliv og busetnad i fylket. SFE kjem til å vere ein pådrivar også i tida som kjem for at denne linja blir realisert så snart som mogeleg, seier han.
Nøkkeltal for SFE
(Mill. kr) 1. halvår 2010 1. halvår 2009
Driftsinntekter 519 370
Driftsresultat 123 95
Resultat før skatt 69 82
Resultat etter skatt 24 39

Halvårsrekneskap
Halvårsmelding