Sal
SFE har fått eit nytt og entusiastisk salslag som skal ta vare på bedriftskundane.
Salslaget er sett saman av leiar Birgith Hjelle Roset, Robert Endestad og Per-Øyvind Sørbø.
Alle bedrifter får ein fast kundekontakt som kan koordinere all kontakt med SFE-konsernet. Store kundar får individuelt tilpassa krafttilbod. Ta kontakt med ein av seljarane eller send oss ein e-post.
- Vi styrker salslaget fordi vi ønskjer å vere meir tilgjengelege for kundane. Vi får stadig fleire kundar og vi ser at dei ønskjer meir rådgjeving av oss enn tidlegare. Med satsinga på Miljøfyrtårnsertifisering og sal av opphavsgarantert straum gjev SFE kundane konkrete verktøy for å ta miljøet på alvor. For bedriftskundane er dette enkle grep for å sikre seg grøn profilering. Det kan vere gull verdt i kampen om å vinne dei attraktive kontraktene, seier Birgith.