Om SFE Naturgass
Selskapet SFE Naturgass vart stifta 3. oktober 2003, og er eit dotterselskap i SFE-konsernet. Selskapet er eigd av SFE (60%) og Gasnor (40%).
SFE Naturgass driv marknadsføring, omsetnad og distribusjon av naturgass til kundar i Sogn og Fjordane.
SFE Naturgass hadde ein omsetnad i 2008 på 17, 8 mill. kr. Gassmengda levert i 2008 tilsvarer ei energimengde på 44 GWh. SFE Naturgass har berre dagleg leiar som fast tilsett, selskapet kjøper tenester innan økonomi, teknisk drift og marknad frå SFE, Gasnor og SFE Kraft Rådgjeving..
SFE eig også 33% i selskapet Liquipro AS. Dette selskapet driv med drifting, montasje og vedlikehald av LNG-terminalar og gassanlegg generelt.
