Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Nett   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Om SFE Nett

Selskapet SFE Nett er eit heileigd dotterselskap i SFE-konsernet.

SFE Nett er infrastrukturselskapet i konsernet, og selskapet står for overføring av den elektriske energien mellom kraftprodusentane og sluttkundane. Selskapet drifter og bygg ut både sentralnettet og regionalnettet i regionen og høgspent og lågspent distribusjonsnett i 7 kommunar på kysten av Nordfjord og Sunnfjord.
SFE Nett transporterar om lag 600millionar kWh til omlag 22.300 nettkundar i desse 7 kommunane. Den samla utstrekninga på nettet er 3.500 km, og tilsvarar 7 gonger avstanden Trondheim - Oslo.

SFE Nett eig og bygg ut breibandinfrastrukturen i regionen. Infrastrukturen knyt saman dei største bygdene og byane i Sunnfjord og Nordfjord og utgjer dessutan ein del av energiforsyninga sitt nasjonale breibandnett. SFE Nett leiger ut infrastrukturen til breibandoperatørane Bane Tele og Enivest.

SFE Nett utfører og har entreprenørarbeid som satsingsområde innan kraftnett, veg/tunnelbelysning og tele-anlegg.
Frå mars 2005 kan SFE Nett også tilby bustadalarm for brann og innbrot. Alarmen er direkte tilkopla døgnbemanna driftssentral.
SFE Nett har ein omsetnad på 205 mill. kroner og har om lag 100 tilsette.

 

Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490