Fjernvarme
Fjernvarme er ei fellesnemning på fleire alternative måtar å varme opp bygningar på. Vatn vert varma opp, og ført fram til bygga gjennom rør. Ulike energikjelder for fjernvarme kan vere brenning av avfall, varmepumper, spillvarme, bioenergi og gass.
Eit fjernvarmeanlegg forsyner vanlegvis fleire bygg eller større område med varme. I Noreg er det no ei auka satsing på bruken av fjernvarme.