Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn er ei nasjonal ordning for miljøsertifisering. Ordninga er spesielt tilpassa små og mellomstore bedrifter i både offentleg og privat sektor.
SFE har unik kompetanse innan miljø og klima, og kan stille med 2 av fylkets 3 godkjende Miljøfyrtårn-rådgjevarar.
Marknaden for miljøsertifisering har nærast eksplodert i Noreg dei siste åra. Jobben vår som rådgjevarar er å hjelpe bedrifter med å finne ut kva endringar som må til for å fylle krava til Miljøfyrtårn og bli sertifisert. Vi merkar stadig større pågang og vi har oppdrag både i og utanfor fylket.
Kontakt rådgjevingsavdelinga for å få meir informasjon om Miljøfyrtårn.