Petter (76) vann sykkel for bruk av e-faktura
25.06.2010
Petter Fagerlid frå Måløy har ikkje sykla på 50 år, men vart den heldige vinneren av ein sykkel i SFE sin eKunde-konkurranse.
50 år sidan sist
- Eg har ikkje sykla på 50 år, men det var veldig kjekt å vinne ein sykkel. No må eg finne meg ein sykkelhjelm slik at eg kan øve meg igjen, ler den nye sykkelvinnaren. Den sporty pensjonisten likar å halde seg i form, og går mykje turar i Måløy.
Aktiv på data
Petter brukar e-post flittig, og held seg oppdatert på datafronten. - Eg brukar data til alt mogleg. E-faktura har eg på fleire ting, det er så lettvint i tillegg til at eg sparer ein del gebyr på det. Målaravlesinga leverer eg også på Internett, enkelt og greitt, seier den aktive databrukaren.
Må tørre og prøve
Mange pensjonistar tykkjer at dette med data er vanskeleg, men Petter er klar på at dette er enkelt, berre ein tør å prøve. - Det er berre tull med alle dei som seier at data er så vanskeleg, mange av dei har ikkje prøvd eingong, konkluderer han.
