ENØK-analyse
Vi har lang erfaring med å gjennomføre energianalysar på bygg og anlegg. Vi tilbyr tilpassa løysingar ut frå storleik, potensiale og kompleksitet på anlegget.
Energikontroll
Den enklaste varianten er ein energikontroll der vi gjennomfører ei synfaring saman med vaktmester eller kontaktperson for bygget. Vi går saman gjennom ei definert sjekkliste for å avdekke feil eller manglar.
Dette er ei kostnadseffektiv løysing der vaktmester får svar på sine spørsmål og umiddelbar tilbakemelding om ting som bør følgjast opp, og byggeigar får ei heilt enkel oversikt over status for bygget.
Komplett analyse
På meir komplekse anlegg kan det vere nødvendig med ei grundig analyse. Etter gjennomført synfaring vert nødvendige grunndata samla inn, og vi modellerar/simulerer bygget ved hjelp av dataverktøy.
Ei komplett analyse med simulering gjev eit betre estimat for potensialet for ulike tiltak.
Dataverktøy
Vi nyttar ulike dataverktøy for å vurdere potensialet av de ulike tiltaka. Kva verktøy som er aktuelle vil variere frå prosjekt til prosjekt, vi vurderer altid kompleksitet og arbeidstid opp mot potensiale og nøyaktigheit i resultatet.