Effektiv energibruk
Vi vil hjelpe deg å oppnå effektiv energibruk, det vil seie at energien vert utnytta på riktig måte. Ofte er det ikkje så mykje som skal til for å spare både energi og kostnader.
Strakstiltak er mindre grep som kostar lite. Det kan vere nødvendig opplæring, haldingsendring, oppfølging av energibruken eller justeringar på det tekniske anlegget.
Det kan også vere nødvendig med større tiltak som krev investeringar. Slike investeringar skal vere lønsame, og ikkje medføre negative miljøkonsekvensar.
Les meir om våre tenester for effektiv energibruk eller ta kontakt med oss i SFE Rådgjeving.