Energimerking
Frå 1. juli 2010 skal bustadar og yrkesbygg som vert selde eller leigde ut ha gyldig energimerke. SFE tilbyr både energimerking og meir detaljerte energianalysar.
Energimerking av yrkesbygg
Energimerking er obligatorisk ved sal eller utleige av yrkesbygg. I tillegg skal alle yrkesbygg over 1000m^2 alltid ha ein gyldig energiattest synleg for brukarane. Energimerket viser bygget sin tilstand i høve til energibehov, og er basert på energieffektivitet og kva kjelde som er brukt til oppvarming. SFE tilbyr både energimerking og detaljerte energianalysar av bygg. Energianalysen blir tilpassa kunden sitt behov og kan i tillegg innehalde ei økonomisk analyse av ulike tiltak som kan gjerast for å betre energistandarden til bygget. Bedrifter kan spare mange pengar på å gjere små tiltak.
Eigar av bygget har ansvar for at bygget blir merka, men SFE har ekspertar som kan gjennomføre energimerkinga. Kontakt gjerne vår rådgjevar Gjermund Kvernmo på telefon 57 88 37 56 dersom du har spørsmål eller om du ønskjer tilbod på energimerking.
Energimerking av privatbustadar
Alle privatbustadar på over 50 m^2 skal ha eit energimerke ved sal eller utleige. Dette kan du ordne heilt sjølv ved å logge deg inn på internett via MinID og registrere informasjon om bustaden din der.
Så video om korleis du gjer det her: