Energiutgreiing
Alle netteigarar er pålagde å utarbeide, offentleggjere og årleg oppdatere ei lokal energiutgreiing (LEU) for alle kommunar dei har konsesjon i. SFE Rådgjeving er nasjonalt sett leiande på utarbeiding av slike energiutgreiingar.
Utgangspunkt
I forskrift til Energilov av januar 2003 vart alle konsesjonærar (netteigarar) pålagde å utarbeide, offentliggjere og årleg oppdatere ei energiutgreiing for kvar kommune dei har konsesjon i. Fristen for å gjennomføre dette er utgongen av året. Føremålet er å bevisstgjere folk om energispørsmål for å påverke framtidige handlingar.
Offentlege dokument
Ei rekke nettselskap har engasjert SFE Rådgjeving for å utarbeide energiutgreiingar for "sine" kommunar. Dette er offentlege dokument som du kan laste ned frå NVE, netteigar eller oversikta på våre nettsider.