Grøne meirverdiar
Sal av grøne meirverdiar gjev småkraftprodusentar ei ekstra inntekt utover ordinært kraftsal, SFE forvaltar grøne meirverdiar på vegne av småkraftprodusentar. Vi hjelper deg også med sertifisering av anlegg i høve til dei ulike ordningane, og administrerar sal av sertifikata på vegner av deg som småkraftprodusent.
Det eksisterar ulike typar grøne sertifikat. Det er viktig å finne den ordninga som gjev høgast verdi for produsenten. I dag er det høgast verdi på dei norsk-svenske el-sertifikata, med verknad f.o.m. 1. jan. 2012.
Følgjande kraftverk har krav på el-sertifikat frå denne ordninga::
- Kraftverk basert på fornybare energikjelde, med byggestart etter 7. september 2009.
(Påkopling på nettet må skje innan utgangen av 2020).
- Eksisterande kraftverk med byggestart etter 7. september 2009, som varig aukar kraftproduksjonen sin
- Vasskraftverk med innstallert effekt inntil 1 MW som hadde byggestart etter 1. januar 2004
Heile eller delar av produksjonen kan kome inn under ordninga.
Kraftverka må vere bygde i samsvar med konsesjonsvilkår eller ha forutsetningar for fritak frå konsesjon, samt ha tilbakebetalt eventuell statleg investeringsstønad innan 30. april 2012.
Kraftverk som ikkje kjem inn under den norsk-svenske ordninga kan omsette andre typar sertifikat, men desse gjev per i dag betydeleg lågare verdi. Vi hjelper deg med å finne rett sertifikatordning for kraftverket ditt.