Småkraft
Vi gjer merksam på at grunna stor etterspurnad etter rådgjevingstenester har SFE for tida diverre ikkje kapasitet til nye oppdrag. For spørsmål, kontakt Øyvind Huus på tlf. 57 88 37 16 eller Erik Utheim på tlf. 57 88 48 14.
Trygg verdiane dine - snakk med oss
SFE kan hjelpe deg å finne ut om du sit på verdiar som er lønsamt å bygge ut. I denne prosessen kan vi kartlegge den potensielle verdien, og kva som trengst for å tilfredsstille krava til ei eventuell utbygging. Om du ønskjer å bygge ut kan vi utarbeide melding eller konsesjonssøknad for prosjektet ditt.
Totalløysing
Som rådgjevar for deg som utbyggar kan vi ta del i heile prosessen, frå rådgjeving i førekant til å sikre ein god forvalting av verdiane i etterkant. Her er kva vi kan hjelpe deg med:
- rådgjeving
- prosjektering
- byggeleiing
- utarbeiding av meldingar
- utarbeiding av konsesjonssøknad
- tilbodsihenting frå eksterne leverandørar
- finansiering
- forsikring
- kraftsal
- forvalting av grøne meirverdiar
- tilsyn og vedlikehald
Situasjonen er no slik at det er fleire småkraftprosjekt som ligg på vent i påvente av den nye 420 kV-linja gjennom Sogn og Fjordane. Den eksisterande linja har begrensa kapasitet til å ta i mot ny produksjon. Sjølv om det er slik, ligg det ingen hindring for å gjere verdivurderingar eller gjere forarbeidet klart dersom du har planer om å bygge ut småkraft
Vårt rådgjevingsmiljø finn du på Sandane og våre kontaktpersonar i SFE Produksjon AS er:
Øyvind Huus (prosjektsjef) Tlf. 57 88 37 16
Erik Utheim (prosjektingeniør) Tlf. 57 88 48 14