Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Ha rett fokus

FØLG MED PÅ ENERGIBRUKEN DIN!

Noter energibruk kvar månad eller veke. Vurder denne opp mot om det har vore varmt eller kaldt ute og om du har vore mykje eller lite heime. Berre ved å følge med på energibruken din, kan du som oftast spare 5-10% utan investeringar. 
 
Prøv sparekalkulatorane våre for å finne ut kor mykje du kan spare ved hjelp av nokre enkle grep.
 

PASS PÅ LYSBRUKEN DIN!

Bruk sparepærer i utelys, bod, gang og kalde rom. Slå av lyset der du ikkje treng å ha det på. Ei 60 W lyspære brukar straum for 420 kr i året dersom vi reknar at straumen kostar 80 øre/kWh.
 

LUFT RIKTIG!

Det er lov å lufte, men luft kort og effektivt i staden for å la vindauget stå på gløtt. Då unngår du nedkjøling av møblar, golv, veggar og tak og oppnår samstundes betre luftutskifting.
 

HA RETT INNETEMPERATUR!

Reduser innetemperaturen til 20 grader. Hugs og at ulike rom treng ulik temperatur. For kvar grad du reduserer temperaturen, kan du spare 5 % på kostnad til oppvarming. I tillegg til å spare energi, vil riktig innetemperatur som regel bidra til eit betre inneklima. Kjøp og heng opp eit termometer eller to viss du ikkje har dette frå før. Ta også vår sparekalkulator og sjå kor mykje du kan spare ved å senke innetemperaturen. 
 
 

Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490