Små investeringar
BRUK MODERNE STYRING!
Bruk moderne termostat for styring av romoppvarming, og tidsur for å senke temperaturen om natta og når det ikkje er folk i huset.
BRUK SPAREDUSJ!
Bruk av sparedusj halverer vanlegvis varmtvassforbruket ditt. Ikkje dusj lenge, dei fleste blir reine på under 5 minutt! Ta også vår sparekalkulator og sjå kor mykje du kan spare ved å kjøpe ein sparedusj.
ENERGIFLEKSIBILITET KAN GJE GOD ØKONOMI!
Ved å kunne utnytte ulike energikjelder til oppvarming, til dømes straum, ved, pellets eller olje, vil du kunne velgje den energikjelda som til ei kvar tid er mest lønsam. Har du tilgang på gratis eller rimeleg ved, så bruk denne!
UNNGÅ TREKK!
Tett huset mot ukontrollerte luftlekkasjer, men hugs at eit godt inneklima krever noko luftutskifting. Tetting av trekk og ukontrollert lekkasje gjer at opne lufteventilar eller kontrollert ventilasjon er heilt nødvendig for å unngå fukt, kondens og soppskader.