Sparetips
Den billegaste straumen er den du ikkje brukar. Vi har difor sett opp nokre enkle tiltak for deg som kunde, avhengig av kor mykje du vil investere i straumsparing.
Du kan enkelt spare mellom 5-10 % av energibruken din berre ved å ha fokus på dei rette tinga. Er du villeg til å gjere mindre investeringar i til dømes auka ventilasjon eller temperaturstyring, kan du spare enda meir. Varmepumpe er ei litt større investering, men noko mange har skaffa seg allereie. Her sparar du straum og får auka komfort og inneklima på kjøpet. Les meir om sparetiltak, og prøv sparekalkulatorane våre i menyen til venstre.