Korleis bli eit Miljøfyrtårn?
Første steg er å ta kontakt med ein godkjent Miljøfyrtårnkonsulent. Rådgjevingsavdelinga til SFE kan bistå fram mot sertifisering.
Bedrifta etablerer ei ”miljøgruppe” som skal arbeide med miljøfyrtårnprosessen. Denne gruppa er typisk på 3–7 personar, og bør så langt som råd representere alle tilsette/ gruppene i verksemda.
Saman med ein godkjent miljøfyrtårnkonsulent gjer bedrifta ein miljøanalyse for å kartlegge korleis stoda er i bedrifta, og lagar ein handlingsplan for å innfri Miljøfyrtårn sine generelle krav og spesielle bransjekrav innan dei ulike emnene som er vist ovafor. Internkontrollsystemet (HMS) som bedrifta har er eit godt utgangspunkt i denne prosessen.
Når dei generelle krava og bransjekrava er oppfylt lagar vi ein rapport til stiftinga Miljøfyrtårn. Stiftinga tek kontakt med kommunen som står for den formelle sertifiseringa.