Innføring av elsertifikat frå 2012
25.11.2011
Noreg og Sverige har inngått avtale om å innføre ein felles elsertifikatmarknad frå og med 1. januar 2012. Dette er ei økonomisk støtteordning som skal stimulere til auka produksjon av straum frå fornybare energikjelder.
Kva vil dette bety for straumkundane?
Stortinget har bestemt at ordninga skal finansierast over straumrekninga, gjennom eit påslag per kWh.
Det er dei straumforbrukarane som i dag betaler forbruksavgift på straum, i hovudsak husstandar og næringsverksemd, som skal betale dette påslaget. I 2012 vil kostnaden for ein husstand med eit forbruk på 20 000 kWh vere omlag 150 kroner.
Korleis fungerer ordninga?
Kraftprodusentar som før 2020 byggjer ut ny produksjon av energi frå fornybare
energikjelder, som vatn, vind eller bioenergi, mottek eit sertifikat frå Statnett per nye MWh dei produserer. Dette kan dei omsetje vidare, samstundes som kraftleverandørar er pliktige til å kjøpe ei viss mengde slike sertifikat. På denne måten skapar ein økonomiske insentiv til å auke og framskunde investeringar i fornybar og klimavennleg kraft i Noreg og Sverige. Målet er å auke den samla produksjonen av fornybar kraft i Noreg og Sverige med 26,4 TWh, noko som tilsvarar forbruket i til over 1,3 millionar husstandar.
Korleis påverker dette kundar med fastpriskontrakt?
I følge fastpriskontrakta kan prisen auke som følge av myndigheitspålagte avgifter og kostnader. Sidan elsertifikat er lovpålagt av myndigheitene, vil derfor fastprisen auke med eit beløp som tilsvarar elsertifikatkostnaden.
Kva med oss som har opphavsgarantiar på straumen vår?
Ein del kundar har alt dekka straumbruken sin med opphavsgarantiar til dømes gjennom produktet SFE Fornybar. Desse kundane er likevel pliktige til å kjøpe sertifikat frå det lovpålagde elsertifikatsystemet fordi dette er to separate ordningar. Elsertifikat er ei lovpålagd ordning som skal auke interessa for å byggje ut meir fornybar produksjon medan opphavsgarantiar er ein frivillig ordning for å varemerke straumleveransar. Dersom kundar ønskjer fornybar energi i varemerkinga si, må dei framleis kjøpe opphavsgarantiar.
Ordninga med elsertifikat vil truleg føre til at endå fleire grunneigarar rundt i fylket vårt vil realisere småkraftprosjekt, fordi prosjekta vert meir lønsame med sertifikat. Situasjonen akkurat no er likevel slik at den nye 420 kV linja må på plass før ein kan ta i mot ny produksjon på nettet.
Har du planar om å byggje ut småkraft ? Sjå her korleis SFE kan hjelpe deg.