Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Månadleg fakturering frå januar 2012

08.12.2011

Frå januar 2012 vil SFE fakturere månadleg. Etter fleire kalde vintrar med høge straumprisar har både styresmaktene og kundane oppmoda energiselskapa om dette.

Må du lese av målaren kvar månad?
Nei, du treng ikkje lese av kvar månad, men vi oppmodar kundane våre til å lese av jamnleg. Du må levere målaravlesing mellom den 25. og den 1. om du skal fakturerast for det du faktisk har brukt.

Kva skjer om du leverer avlesinga for seint?
Då stipulerer vi eit venta forbruk i denne perioden. Avviket blir korrigert på neste faktura når vi har fått målaravlesing frå deg. Du kan lese av så ofte du vil, og hyppigare avlesing gjev deg ei meir korrekt straumrekning. Reiser du vekk når prisane er høge, bør du til dømes lese av målaren før du dreg og etter at du kjem heim att. Då blir det registrert at du ikkje har brukt mykje straum i perioden med høg pris.

Varsling om målaravlesing
Du kan få varsling om målaravlesing, både på e-post og sms. På MI SIDE kan du bestille e-postvarsling. Der finn du og oppskrift om du vil ha sms-varsling.

E-faktura/Avtalegiro
Ønskjer du ikkje å motta papirfaktura kan du bestille e-faktura og avtalegiro gjennom nettbanken din. Har du e-faktura får du lågare månadsbeløp, dermed sparer du både pengar og miljø.

Må du betale gebyr for dette?
Nei, SFE tek ikkje fakturagebyr. Hos oss betaler du eit fast månadsbeløp avhengig av kva produkt du har, og om du har e-faktura eller papirfaktura.
Har du SFE Spot, SFE Fast eller SFE Kombi er fastbeløpet på 29,- om du har e-faktura og 49,- om du har papirfaktura. Har du SFE Standard er fastbeløpet på 0,- om du har e-faktura og 25,- om du har papirfaktura.

I samband med at SFE byrjer med månadleg fakturering vil vi ha auka opningstider på kundesenteret vårt frå januar 2012. Nye opningstider er:
Måndag - torsdag: 07:30 - 18:00
Fredag: 07:30 - 15:00



print

Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490