Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Orkanen Dagmar kan føre til vesentlege kostnader for SFE

05.01.2012

Orkanen Dagmar kan føre til vesentlege kostnader for Sogn og Fjordane Energi:

Orkanen Dagmar ramma Nordvestlandet 1. juledag og store deler av SFE sitt linenett vart råka.  For delar av nettområdet tok det to døgn eller meir før straumen var tilbake.  Skadane på nettet er til dels omfattande og NVE sitt regelverk om Kompensasjon for Ikkje Levert Energi (KILE) og kompensasjon ved svært langvarige avbrot kan gje vesentlege kostnader for SFE, med mindre NVE fråvik sitt generelle regelverk fordi straumbrotet var forårsaka av den ekstraordinære situasjonen.

Nettet er forsikra og SFE forventar å få kompensert alle kostnader knytt til reparasjonsarbeidet gjennom forsikringsordningane.  Kostnadane knytt til reperasjon og feilretting vil truleg vere nokre 10-tals mill. kroner.  Kompensasjonsordninga for Ikkje Levert Energi og kompensasjon ved langvarige avbrot kan imidlertid representere ein vesentleg kostnad dersom NVE ikkje fråvik sitt generelle regelverk. 

Dersom NVE sitt generelle regelverk skal gjelde kan den auka kostnaden for konsernet i 2011-rekneskapen vere i storleiksorden 100 mill. kroner.  Berekningane er førebels svært usikre og utfallsrommet er svært stort.  SFE vil kome tilbake med meir detaljert informasjon seinare.


Kontaktperson media: Kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim, 95 25 61 12
Kontaktperson finansmarknaden: Økonomi-  og Finansdirektør Martin Holvik, 91 69 52 34
 



print

Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490