Elsertifikat

Noreg og Sverige innførte i 2012 ei avtale om felles elsertifikatmarknad. Dette er ei økonomisk støtteordning som skal stimulere til auka produksjon av straum frå fornybare energikjelder.

Kva betyr dette for straumkundane?
Stortinget har bestemt at ordninga skal finansierast gjennom straumrekninga, med eit påslag per kWh. Det er dei straumforbrukarane som i dag betaler forbruksavgift på straum, i hovudsak husstandar og næringsverksemd, som skal betale dette påslaget. I 2013 vil kostnaden for ein husstand med eit forbruk på 20 000 kWh vere omlag 275 kroner.

Korleis fungerer ordninga?
Kraftprodusentar som før 2020 byggjer ut ny produksjon av energi frå fornybare energikjelder, som vatn, vind eller bioenergi, mottek eit sertifikat frå Statnett per nye MWh dei produserer. Dette kan dei omsetje vidare, samstundes som kraftleverandørar er pliktige til å kjøpe ei viss mengde slike sertifikat. På denne måten skapar ein økonomiske insentiv til å auke og framskunde investeringar i fornybar og klimavennleg kraft i Noreg og Sverige. Målet er å auke den samla produksjonen av fornybar kraft i Noreg og Sverige med 26,4 TWh, noko som tilsvarar forbruket i til over 1,3 millionar husstandar.


Les meir om elsertifikat på NVE sine heimesider.

Sparetips

Skru heilt av eletriske apparat