Ofte stilte spørsmål

Korleis opprettar eg eFaktura og AvtaleGiro?
Har du nettbank i eige namn kan du opprette eFaktura. Du kan bestille tenesta ved å velje frå nettbanken si liste over selskap som tilbyr denne tenesta eller du kan registrere bestilling når du betalar neste faktura frå SFE Kraft i nettbanken. Du gjennomfører bestillinga slik du vert informert om i nettbanken. Du finn eFakturareferansen på tilsendt papirfaktura. Enkelte nettbankar tilbyr varsling på sms når ein ny eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken, du må då oppgi mobilnummer. SMS-varsling er ei teneste frå banken og endringar må gjerast der.

Når du har oppretta eFaktura vil du motta ein e-post. Du må godkjenne fakturaen før konto vert belasta. Du vil ha fakturadetaljar tilgjengeleg via link i nettbanken. Kontroller at alle detaljane stemmer. Dersom du vil endre beløpet eller forfallsdato kan du gjere det før du godkjenner betalinga. Rekningane vil vere tilgjengelege i 16 månader i nettbanken. Eldre krav vil vere tilgjengelege på Mi side SFE Kraft.

eFaktura og e-postfaktura kan kombinerast med avtalegiro. 
AvtaleGiro opprettar og avsluttar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din.

AvtaleGiro vert sendt direkte til banken for automatisk trekk. Du får betalingsvarsel tilsendt på papir eller elektronisk, som vanleg. For at betalinga skal bli utført må du sjå til at der er pengar på konto den dagen det er forfall.

e-postfaktura, SMS-faktura og eFaktura kan kombinerast med AvtaleGiro.

Meir informasjon om AvtaleGiro

Forbruket på fakturaen stemmer ikkje med avlesinga eg har sendt inn, Kvifor?
Årsaka til dette er at målaravlesinga ikkje er gjort på sjølve avrekningsdatoen for straumrekninga, som er den 1. i månaden. Dette er svært vanleg, og det som då skjer er at det blir gjort ei berekning av forbruket i tida mellom avlesingsdatoen og avrekningsdatoen, ut frå venta årsforbruk og standard forbruksprofil.

Ved avlesing før månadsskiftet, vert det berekna forbruket lagt til for å få målarstand på avrekningsdatoen. Dette viser som ”Berekna” på fakturaen.
Ved avlesing etter månadsskiftet der forbruket vert laga på grunnlag av avlesinga vert dette forbruket trekt frå for å få målarstand på avrekningsdatoen. Dette viser på fakturaen som ”interpolert”.


Eg treng kopi av faktura – kvar får eg det?
Du finn kopi av alle fakturaer ved å logge deg på ”Mi side” på www.sfe.no. Dersom du ikkje har tilgang til internett kan du kontakte Kundesenteret på tlf 57 88 47 47.

Eg ønskjer å vite årsforbruket mitt – korleis finn eg det?
På ”Mi side” kan du finne oversikt over avlesingshistorikken ved å gå inn på ”Målaravlesing”. Du kan og kontakte kundesenteret på tlf 57 88 47 47.

Eg skal flytte – kva gjer eg med straumavtala mi?
Når du flyttar må du lese av målaren din og melde frå til SFE. Det kan du gjere om du går inn på ”Mi side" eller kontaktar oss på tlf 57 88 47 47

Uansett treng du:

  • Anleggsadressa til straummålaren
  • MålepunktID for straummålaren (dette finn du på fakturaen)
  • Målarstanden på datoen for overtaking av målaren
  • Namn og kontaktinformasjon for både den som flyttar inn og den som flyttar ut

Kan eg bli varsla om målaravlesing?
Du kan få tilsendt varsel om målaravlesing på sms eller e-post. Dette sender vi ut kvar månad.

Dette kan du registrere sjølv ved å logge deg på ”Mi side” eller kontakte Kundesenteret.

Korleis kan eg bestille kraft frå SFE?
Du kan bestille kraft frå SFE Kraft anten ved å ringje kundesenteret på telefonnummer 57 88 47 47 eller ved å nytte bestillingsskjemaet for dei aktuelle avtalene på www.sfe.no/straum 

Kva er dei offentlege avgiftene på kraft?
I kraftprisen inngår meirverdiavgift på 25 %. I tillegg kjem elsertifikatavgifta, denne er per i dag 2,98 øre/kWh.

Kva er nettleige?
Straumnettet kan reknast som kraftforsyninga sitt vegnett, og nettselskapa brukar nettet til å frakte kraft fram til stikkontakten din.

For dette betalar du ei "fraktavgift" som heiter nettleige til det lokale nettselskapet ditt, på same måten som bilistane betalar vegavgift for å bruke vegnettet.

Nettleiga blir mellom anna nytta til utbyggingar og vedlikehald, slik som til dømes skogrydding. På toppen av nettleiga kjem offentlege avgifter, mellom anna moms.

Kvar får eg svar på spørsmåla mine om faktura eller kraftavtale?
For å få svar på spørsmåla dine tek du kontakt med kundesenteret vårt på telefonnummer 57 88 47 47. Kundesenteret har ope til kl. 18.00 måndag til torsdag, og til kl. 15.00 på fredagar. Eigne opningstider gjeld i høgtidene. Du kan sjølvsagt også sende oss førespurnader på e-post heile døgnet til kundesenter@sfekraft.no

Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Send det inn her.
Sparetips

Sats på fleire varmekjelder