Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Prisområde

Kva er prisområde?

Noreg er delt inn i fem prisområde og prisen kan i periodar variere ein del øre mellom dei ulike. Per i dag er skilnaden ca 6 øre mellom billigaste og dyraste område. Det er straumbørsen Nord Pool som kvar dag set gjeldande pris i kvart område. Kunden betaler prisen som til ein kvar tid er gjeldande der kunden bur. Klikk her for å sjå gjeldande pris der du bur.

Kvifor prisområde?

Naturen i Noreg er ikkje bare fin å sjå på, den er også unik fordi den er perfekt for fornybar kraftproduksjon. Mengda med snø i fjella, nedbøren og dei høge fossane er viktige element som gjer til at du har straum i stikkontakta di.
Men sjølv om vi er rike på kraft, er ikkje situasjonen optimal. Produksjonen skjer ikkje der i landet forbruket er størst, og vi må heile tida transportere krafta mellom ulike områder. I tillegg er nettet i Noreg gammalt og har dårleg kapasitet. Denne situasjonen gjer at vi må nytte ulike virkemidlar for å styre kraftflyten i Noreg. Dette er grunnen for at Statnett deler Noreg inn i prisområde. Dei regulerar prisen etter tilbod - og etterspørsel i dei forskjellige områdane slik at krafta kjem dit den trengst. Slik får ein god kraftflyt og ein betre utnytta nettkapasitet.

Situasjonen som har vore i Noreg i år, med ekstremprisane i februar og ein ustabil kraftmarknad har gjort at Statnett auka frå tre til fem prisområde i mars. Dette gjorde at nokre kundar ble flytta til nye prisområde.
Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490